Ingebjør Sørbøen Torsgard og Lisbeth Haraldsen står bak denne duoen. Begge to har dei føtane godt planta i den fruktbare jorda til folkemusikken i Hallingdal. Lisbeth er ein kløppar på torader, og spelar bokstaveleg talt både på inn- og utpust. Ingebjør spelar på mange strengar, og blir ofte omtala som «komiker med hardingfele». Under denne konserten kan du forvente å verta servert både sanne og usanne skrøner. Slåttespel frå Hallingdal, samt ein og anna slått frå ymse avkrokar. Med andre ord, ein variert konsert med både solo- og samspel frå to av dalens fremste tradisjonsbærarar.