Beat for Beat med Brelett

brelett
Foto: Anders K. Medhus
Forstørre / flere bilder
- klikk på bildene!

Kulturhuset Banken
fredag 5. juni
kl. 19.00

Billettpris

kr 200,-
- billettsalg i døra

Kvar tysdag samlast ti songglade damer i sin beste alder for å reinske strupen med song og prat. Innimellom likar dei å syne seg fram, og då steller dei i stand konsert eller cabarèt.

Denne gongen vil dei besøke Festspilla på Nesbyen og servere skikkeleg fredagskost.

Har du sakna Beat for Beat på moderkanalen, må du ta turen til Kulturhuset Banken fredag den 5.juni.

Der kan me love at de får treffe to pianistar og ein programleiar som ikkje er heilt ulike originalane. Laga vil bestå av ivrige og sjarmerande Brelett-damer som legg heile si sjel i å løyse oppgåvene.

På tangentar har me vore så heldige å få med oss Arild ”Styve” Rønsen og Arild ”Nagel” Jensen, og som programleiar stiller Nesbyen si eiga
Sølvi ”Dyrhaug” Totland.

Dette blir ei oppleving du ikkje bør gå glipp av, så denne kvelden må du velje kulturhussalen framfor tv-stolen!

Musikken de får høyre er henta frå tidlegare framføringar med Brelett, og de kan nynne med på kjente og kjære melodiar. Arild Jensen er som vanleg ansvarleg for arrangement, og Kitty Line Scheen har skrive tekster på ”Brelett-halling”.

Tidlegare cabarèter og konsertar med Brelett:
• Brelett i Par(ad)is, 1998, fransk repertoar
• Barkebrød og krisekrem, 2001, musikk frå 40-talet
• Sju slag med Brelett, 2001, eit juleprogram
• Ha ’re all right, 2004, Simon & Garfunkle
• Absolutt Brelett, 2006, Best of – konsert
• ”Licence to Sing”, 2008, musikk frå James Bond-filmane

Songfuglane i Brelett er:
Gunhild Gåsvik, Ål (musikalsk leiar og dirigent)
Helene Sømme, Gol
Hanne Cecilie Nes, Gol
Else Skogen Tandberg, Nes
Kirsten Beate Juvhaugen Rønsen, Nes
Elisabeth Jacobsen Vännback, Gol
Kitty Line Scheen, Gol (tekstforfattar)
Kirsten Lund, Hemsedal
Hilde Sørlie Fjellhøi, Ål
Torhild Barlaug, Gol